I april var klassen
på tur i Hurrungane. Vi sov i telt og gjekk på toppturar. Når ein
ferdast på ski i vårsnø , er det noko andre forhald å vise omsyn
til enn når ein ferdast på vintersnø. Eg vil trekke fram
laussnøskred, skavlar og den sterke sola.
Ein anna fare, som
gjeld heile året, er skavlar. Det er fleire som har omkomne på
grunn av desse. Ein må ikkje berre ta kortaste veg mellom to
punkter, men prøve å ha stein mellom seg sjølv og skavelen. Her
må ein vere ekstra merksemd på å ikkje berre følgje dei spora
som allereie er der.
I vårfjellet er
sola sterkare enn på vinteren. I Hurrungane er sola ekstra sterk,
fordi det ligg så høgt oppe. Det er lurt å smøre seg jamt med
solkrem, til dømes kvar andre time. Sjølv om det er overskya, har
sola stor effekt på oss. Om ein ikkje er forsiktig med vårsola,
kan ein skade huden slik at ein får konsekvensar seinare i livet.
Turar på vårsnø
gjev flotte opplevinga og god snø. Det er viktig å ha god
«timing», slik at snøen er passeleg oppvarma, slik at snøen er
god, og det ikkje er stor fare for lause snøskred. Ein må vere
merksam på skavlar, og smøre seg god med solkrem. Då kan ein nyte
ein flott soldag i fjellet.
Brattlien, K.
(2012). Den lille snøskredboka. 3.
utgave, Fri Flyt AS, Oslo.
Nes, C.L. (2013).
Skikompis. Snøskred og trygg ferdsel.
Friluftsrådet for Ålesund og Omland.
Selja
Forlag, Ålesund.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar