torsdag 15. mai 2014

Endeleg eigenferd

Etter fleire turar med rettleiar, fikk vi går på eigenferd ei veke. Det skulle vere ein tur på fjellski. Vi pakka sekken, smurte skia, tørka mat og gjorde oss godt kjendte med ruta vår. Vervarselet viste dårleg ver uover veka, så plan B vart sett i gang. Etter mykje førebuing var vi endeleg i Jotunheimen. Vi laga oss gode leirplassar, lærte mykje om det å ta val, og om å kommunisere i gruppa.


For å få ein god natts søvn, er det lurt å setje teltet i vindretninga. Slik kan vinden følgje formane til tunnelteltet vi hadde, og ikkje rive med seg duken. Ein lemur laga av snø hjelp også mykje mot vinden, dersom ein laga den rett. To netter måtte vi stå opp midt på natta for å byggje ein betre lemur, fordi vinden fikk eit godt grep om teltet vårt. Lemuren burde stå ca ein meter frå teltet. Det er viktig at den er høg nok, og at den går litt ut over sidene av teltet i fall vinden snur. Vi prøvde både med liten og stor lemur, og fann ut at det lønna seg å lage ein solid og god vegg mot vinden.

På fjellskitur skal ein halde seg unna skredterreng. Den nest sist edagen skulle vi gå gjennom ein dal for å kome ned til Spiterstulen turistforeningshytte. Vi smurte skia og starta vandringa opp i dalen. Gradvis vart det mindre sikt, og til slutt såg vi ingenting. Framste person fekk ein dårleg magekjensle, og vi bestemte oss for å snu tilbake, og ikkje gå gjennom dalen. Vi vart liggande på denne sida av dalen i leire dagar, og vurderte forhalda fram og tilbake.

I denne prosessen fekk vi lære å kommunisere og argumentere for og imot. På desse dagane vi låg verfaste utan sikt, snakka vi mykje om utløpssonar, regelbaserte metodar for å unngå skred, og om menneskelege faktorar. Lysten til å gå gjennom dalen for å kome heim var stor, men den gjekk aldri over fornuften som sa at vi skulle vente på godt ver og sikre forhald. Denne prosessen lærte vi mykje av, og vi vart betre på å ta gode val.

På eigenferd får ein bruke sin eigen kunnskap, og ein lærar å stole på det ein kan. Vi fikk øve på å lage gode teltplassar, på å halde oss unna skredterreng, og å ta gode og gjennomtenkte val.   

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar