Skred er ein reell
fare for oss som ferdast i vinterfjellet. Fare er ikkje farleg for den
som farer varleg, har naturmannen Nils Faarlund sagt mang ein gang.
Ein skal gjere det ein kan for å ikkje hamne i farlege situasjonar,
men ein må også vite kva einskal gjere dersom ein skulle kome
utafor ei ulykke, til dømes eit skred. I Vigdalen laga vi til
skredområdar i ei skråning, og øvde oss på å finne gjenstandar
som var grove ned i snøen. Vi lærte å leite med sendar/mottakar, og uten. I øvinga lærte vi at små feil kan få store konsekvensar.
Heilt grunnlegjande er det å ha med seg spade, søkjestang og sendar/mottakar. Dersom ein skulle finne nokon, må ein ha eit reiskap for å grave dei opp. Om ein ikkje veit kor personen/personane er, må ein bruke sendar/mottakar og søkestang for å finne dei. Det er størst sjangse for å overleve eit snøskred om ein blir funnen dei første 15 minuttane, så det er viktig å finne dei skredtekne raskt.
Uten sendar/mottakar skal ein starte med eit hurtigsøk: ein ser raskt etter store gjenstandar eller den skredtekne. Vidare går ein på overflatesøket og leitar meir systematisk over skredflata. Ein må skjekke grundig rundt stader det er sannsynleg at den skredtekne kan ha blitt liggande - til dømes bak eit tre eller ein stein. Då leitar ein med søkestanga. Det siste ein gjer er trepunktsøket. Ein gårdå på linje med to til fem personar, og stikk med stanga tre gonger: fram og til begge sidane.
Små feil kan få store konsekvensar. Ein stor feil vi gjorde, var å ikkje skru alle sendar/mottakarane frå "send" til "motta". Dette førte til at vi leita lenge etter ein sender/mottakar som ikkje hørte til den skredtekne, men ein av dei som skulle leite. Ein anna feil vi gjorde, var å ikkje leite grundig nok på dei primære søketeigane, altså rundt det eine treet.
Når ein skal finne nokon i eit skred, er det viktig å ha det riktige utstyret med seg, og ha kunnskap og dugleikar om korleis ein skal finne nokon. Når ein har mykje kunnskap, og har gode rutinar, er det mindre sannsyn for å gjere feil.

Kjelder
Nes, C., L. (2013). Skikompis. Snøskred og trygg ferdsel. Friluftsrådet for Ålesund og omland. Førde: Selja Forlag.
Brattlien, K. (2008). Den lille skredboka. alt du trenger å vite om snøskred på en enkel måte. 3 utgåve, 2012. Oslo: Fri Frlyt AS.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar