I slutten av januar
var klassen på tur på Hemsedalsfjellet. Kong Vinter viste seg frå
ei kald side, og mange av oss hadde ikjke helst på dette veret før.
Temperaturmålaren viste godt ned på den blå sida, og vinden
gjorde sitt for å presse den lengre ned. Vi lærte mykje viktig
undervegs, til dømes at det er viktig med gode rutinar, at ein må
kle seg godt og at ein må kunne orientere utan sikt.
Vi oppdaga tidleg
at ein må ha effektive og gode rutinar i slikt ver. I ei stor
gruppe har det mykje å seie dersom ein eller to tar ein ekstra
pause eller bryt rytmen i gruppa. Ein blir fort kald, og humøret
kan og bli kjølig. Deter viktig å avtale på førehand når ein
skal ha pausar, slik at alle kan førebu seg til desse, og få gjort
alt som er naudsynt.«Det finst ikkje
dårleg ver, berre dårlege klede», er det eit ordtak som seier.
Skikkelige klede blir din beste venn når veret vil vise seg fram.
På denne turen hadde vi to lag med gode ullklede underst, og gode
skalljakkar og bukser over. All hud måtte vere dekka til, for ikkje
å få frostskadar. Vi hadde varme luer, hals av ull, skibriller og
vindtette og varme vottar.
Snø og vind er ein
vanleg kombinasjon, og når desse to får leike fritt saman, kan dei
stikke av med sikta. Delar av turen gjekk vi utan å sjå stort
mykje, og då måtte vi rekne med kart og kompass. Dei tre framste
orienterte. Nummer ein gjekk på ein gjeven kurs, og nummer to og
tre kontrollerte kursen. Om ein går nokre få grader mot feil side,
kan det gje store utslag overlengre etappar.
I vinterfjellet må
ein førebu seg godt på ver og forhald. Gode rutinar er viktig for å
haldeseg varm, få framdrift og halde humøret oppe. Det er naudsynt
med gode klede, på grunn av trygglei og trivsel. Ein må rekne med å
orientere utan haldepunkt og sikt, og då må ein kunne orientere med
kompasskurs.
Horgen, A. (2010).
Friluftslivsveiledning vintertid. Høyskoleforlaget,
Kristiansand.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar