Når ein er på tur,
kan alt mogleg skje. Mennesker kan skade seg, og ein må rekne med å
berge seg sjølv den første tida. Då er det viktig å kunne noko om
førstehjelp, og ha med seg riktig utstyr. På Haukåsen hadde
klassen ein tur der vi fikk erfare korleis vi kan handtere fleire
ulike naudsituasjonar i fjellet. Vi lærte at det er viktig å vere
godt førebudd på at noko kan skje, at vi må kunne noko om
førstehjelp og korleis ein kan spjelke ein skada fot.
Før ein dreg på
tur, er det fleire ting ein kan førebu seg på. For det første må
ein skjekke verforhalda, slik at ein veit kva ein har i vente. Vidare
kan ein skjekke kartover kvar det er dekning, eller ikkje dekning. Då
veit ein kvar ein kan gå for å ringe etter hjelp om ulykka skulle
vere ute, eller om ein må klare seg sjølv over store områdar. I
sekken skal det ligge eit førstehjelpskrin som ein kjenner god til,
og veit korleis ein skal ta i bruk. Vidare er det positivt jo meir
ein kan om å hjelpe andre om dei skulle skade seg eller bli sjuke.
Det er fleire
områdar ein burde kjenne til innan førstehjelp. Nokre av dei er
frostskadar, brannskadar, hovud- og nakkeskadar, brot eller skadar,
sårbehandling, behandling av person som ikkje er medvit,
hjarte-lungeredning, og så bortover. Dess meir ein kan, dess betre.
Når ein er rettleiar for ei gruppe på tur, er det fint om ein har
kjennskap til særskilte sjukdommar eller skadar oss
gjestane, slik at ein er førebudd dersom noko skulle skje.
gjestane, slik at ein er førebudd dersom noko skulle skje.
Noko av det vi lærte
på Haukåsen, var å spjelke ein fot som var skada. Etter å ha
vurdert om ein skal reponere, altså sette beinet tilbake i riktig
posisjon, eller ikkje, kan en lage ein spjelk for å halde foten
stabil. Personen skal ikkje fryse, så ein må ikkje ha stål eller
kuldeleiande materiale rett mot foten. Først kan ein starte med
klede som ein surrar rundt, så kan ein plassere til dømes skistavar
inntill foten for å halde den stabil. Vidare kan ein bruke eit
liggeunderlag å surre rundt, og feste det med tråd eller tape.
Spjelken skal vere stiv, og halde foten varm.
På tur i naturen må
ein frå tid til anna stole på at ein sjølv kan takle det som
skulle skje. Difor er det viktig å vere godt førebudd på
vanskelege situasjonar, og ha kunnskap om førstehjelp, som til dmes
korleis ein kan spjelke eit brote bein.
Fauske, L og Bruland, Ø. S. (2012). Førstehjelp på tur. Fjell-
høyde- og reisemedisin. Fri flyt AS. ISBN: 978-82-93090-05-2.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar