fredag 23. mai 2014

"Fare er ikkje farleg for den som farar varleg"

Skred er ein reell fare for oss som ferdast i vinterfjellet. Fare er ikkje farleg for den som farer varleg, har naturmannen Nils Faarlund sagt mang ein gang. Ein skal gjere det ein kan for å ikkje hamne i farlege situasjonar, men ein må også vite kva einskal gjere dersom ein skulle kome utafor ei ulykke, til dømes eit skred. I Vigdalen laga vi til skredområdar i ei skråning, og øvde oss på å finne gjenstandar som var grove ned i snøen. Vi lærte å leite med sendar/mottakar, og uten. I øvinga lærte vi at små feil kan få store konsekvensar. 

Heilt grunnlegjande er det å ha med seg spade, søkjestang og sendar/mottakar. Dersom ein skulle finne nokon, må ein ha eit reiskap for å grave dei opp. Om ein ikkje veit kor personen/personane er, må ein bruke sendar/mottakar og søkestang for å finne dei. Det er størst sjangse for å overleve eit snøskred om ein blir funnen dei første 15 minuttane, så det er viktig å finne dei skredtekne raskt.

 Uten sendar/mottakar skal ein starte med eit hurtigsøk: ein ser raskt etter store gjenstandar eller den skredtekne. Vidare går ein på overflatesøket og leitar meir systematisk over skredflata. Ein må skjekke grundig rundt stader det er sannsynleg at den skredtekne kan ha blitt liggande - til dømes bak eit tre eller ein stein. Då leitar ein med søkestanga.  Det siste ein gjer er trepunktsøket. Ein gårdå på linje med to til fem personar, og stikk med stanga tre gonger: fram og til begge sidane.

Små feil kan få store konsekvensar. Ein stor feil vi gjorde, var å ikkje skru alle sendar/mottakarane frå "send" til "motta". Dette førte til at vi leita lenge etter ein sender/mottakar som ikkje hørte til den skredtekne, men ein av dei som skulle leite. Ein anna feil vi gjorde, var å ikkje leite grundig nok på dei primære søketeigane, altså rundt det eine treet.

Når ein skal finne nokon i eit skred, er det viktig å ha det riktige utstyret med seg, og ha kunnskap og dugleikar om korleis ein skal finne nokon. Når ein har mykje kunnskap, og har gode rutinar, er det mindre sannsyn for å gjere  feil. 


Kjelder
Nes, C., L. (2013). Skikompis. Snøskred og trygg ferdsel. Friluftsrådet for Ålesund og omland. Førde: Selja Forlag.
Brattlien, K. (2008). Den lille skredboka. alt du trenger å vite om snøskred på en enkel måte. 3 utgåve, 2012. Oslo: Fri Frlyt AS. 

torsdag 15. mai 2014

Kong Vinter på Hemsedal

I slutten av januar var klassen på tur på Hemsedalsfjellet. Kong Vinter viste seg frå ei kald side, og mange av oss hadde ikjke helst på dette veret før. Temperaturmålaren viste godt ned på den blå sida, og vinden gjorde sitt for å presse den lengre ned. Vi lærte mykje viktig undervegs, til dømes at det er viktig med gode rutinar, at ein må kle seg godt og at ein må kunne orientere utan sikt.

Vi oppdaga tidleg at ein må ha effektive og gode rutinar i slikt ver. I ei stor gruppe har det mykje å seie dersom ein eller to tar ein ekstra pause eller bryt rytmen i gruppa. Ein blir fort kald, og humøret kan og bli kjølig. Deter viktig å avtale på førehand når ein skal ha pausar, slik at alle kan førebu seg til desse, og få gjort alt som er naudsynt.«Det finst ikkje dårleg ver, berre dårlege klede», er det eit ordtak som seier. Skikkelige klede blir din beste venn når veret vil vise seg fram. På denne turen hadde vi to lag med gode ullklede underst, og gode skalljakkar og bukser over. All hud måtte vere dekka til, for ikkje å få frostskadar. Vi hadde varme luer, hals av ull, skibriller og vindtette og varme vottar.

Snø og vind er ein vanleg kombinasjon, og når desse to får leike fritt saman, kan dei stikke av med sikta. Delar av turen gjekk vi utan å sjå stort mykje, og då måtte vi rekne med kart og kompass. Dei tre framste orienterte. Nummer ein gjekk på ein gjeven kurs, og nummer to og tre kontrollerte kursen. Om ein går nokre få grader mot feil side, kan det gje store utslag overlengre etappar.

I vinterfjellet må ein førebu seg godt på ver og forhald. Gode rutinar er viktig for å haldeseg varm, få framdrift og halde humøret oppe. Det er naudsynt med gode klede, på grunn av trygglei og trivsel. Ein må rekne med å orientere utan haldepunkt og sikt, og då må ein kunne orientere med kompasskurs.

Horgen, A. (2010). Friluftslivsveiledning vintertid. Høyskoleforlaget, Kristiansand.

Klar for alt på tur!

Når ein er på tur, kan alt mogleg skje. Mennesker kan skade seg, og ein må rekne med å berge seg sjølv den første tida. Då er det viktig å kunne noko om førstehjelp, og ha med seg riktig utstyr. På Haukåsen hadde klassen ein tur der vi fikk erfare korleis vi kan handtere fleire ulike naudsituasjonar i fjellet. Vi lærte at det er viktig å vere godt førebudd på at noko kan skje, at vi må kunne noko om førstehjelp og korleis ein kan spjelke ein skada fot.

Før ein dreg på tur, er det fleire ting ein kan førebu seg på. For det første må ein skjekke verforhalda, slik at ein veit kva ein har i vente. Vidare kan ein skjekke kartover kvar det er dekning, eller ikkje dekning. Då veit ein kvar ein kan gå for å ringe etter hjelp om ulykka skulle vere ute, eller om ein må klare seg sjølv over store områdar. I sekken skal det ligge eit førstehjelpskrin som ein kjenner god til, og veit korleis ein skal ta i bruk. Vidare er det positivt jo meir ein kan om å hjelpe andre om dei skulle skade seg eller bli sjuke.
Det er fleire områdar ein burde kjenne til innan førstehjelp. Nokre av dei er frostskadar, brannskadar, hovud- og nakkeskadar, brot eller skadar, sårbehandling, behandling av person som ikkje er medvit, hjarte-lungeredning, og så bortover. Dess meir ein kan, dess betre. Når ein er rettleiar for ei gruppe på tur, er det fint om ein har kjennskap til særskilte sjukdommar eller skadar oss
gjestane, slik at ein er førebudd dersom noko skulle skje.

Noko av det vi lærte på Haukåsen, var å spjelke ein fot som var skada. Etter å ha vurdert om ein skal reponere, altså sette beinet tilbake i riktig posisjon, eller ikkje, kan en lage ein spjelk for å halde foten stabil. Personen skal ikkje fryse, så ein må ikkje ha stål eller kuldeleiande materiale rett mot foten. Først kan ein starte med klede som ein surrar rundt, så kan ein plassere til dømes skistavar inntill foten for å halde den stabil. Vidare kan ein bruke eit liggeunderlag å surre rundt, og feste det med tråd eller tape. Spjelken skal vere stiv, og halde foten varm.


På tur i naturen må ein frå tid til anna stole på at ein sjølv kan takle det som skulle skje. Difor er det viktig å vere godt førebudd på vanskelege situasjonar, og ha kunnskap om førstehjelp, som til dmes korleis ein kan spjelke eit brote bein.

 Fauske, L og Bruland, Ø. S. (2012). Førstehjelp på tur. Fjell- høyde- og reisemedisin. Fri flyt AS. ISBN: 978-82-93090-05-2.


Endeleg eigenferd

Etter fleire turar med rettleiar, fikk vi går på eigenferd ei veke. Det skulle vere ein tur på fjellski. Vi pakka sekken, smurte skia, tørka mat og gjorde oss godt kjendte med ruta vår. Vervarselet viste dårleg ver uover veka, så plan B vart sett i gang. Etter mykje førebuing var vi endeleg i Jotunheimen. Vi laga oss gode leirplassar, lærte mykje om det å ta val, og om å kommunisere i gruppa.


For å få ein god natts søvn, er det lurt å setje teltet i vindretninga. Slik kan vinden følgje formane til tunnelteltet vi hadde, og ikkje rive med seg duken. Ein lemur laga av snø hjelp også mykje mot vinden, dersom ein laga den rett. To netter måtte vi stå opp midt på natta for å byggje ein betre lemur, fordi vinden fikk eit godt grep om teltet vårt. Lemuren burde stå ca ein meter frå teltet. Det er viktig at den er høg nok, og at den går litt ut over sidene av teltet i fall vinden snur. Vi prøvde både med liten og stor lemur, og fann ut at det lønna seg å lage ein solid og god vegg mot vinden.

På fjellskitur skal ein halde seg unna skredterreng. Den nest sist edagen skulle vi gå gjennom ein dal for å kome ned til Spiterstulen turistforeningshytte. Vi smurte skia og starta vandringa opp i dalen. Gradvis vart det mindre sikt, og til slutt såg vi ingenting. Framste person fekk ein dårleg magekjensle, og vi bestemte oss for å snu tilbake, og ikkje gå gjennom dalen. Vi vart liggande på denne sida av dalen i leire dagar, og vurderte forhalda fram og tilbake.

I denne prosessen fekk vi lære å kommunisere og argumentere for og imot. På desse dagane vi låg verfaste utan sikt, snakka vi mykje om utløpssonar, regelbaserte metodar for å unngå skred, og om menneskelege faktorar. Lysten til å gå gjennom dalen for å kome heim var stor, men den gjekk aldri over fornuften som sa at vi skulle vente på godt ver og sikre forhald. Denne prosessen lærte vi mykje av, og vi vart betre på å ta gode val.

På eigenferd får ein bruke sin eigen kunnskap, og ein lærar å stole på det ein kan. Vi fikk øve på å lage gode teltplassar, på å halde oss unna skredterreng, og å ta gode og gjennomtenkte val.   

Hurra for vår i Hurraungane!

I april var klassen på tur i Hurrungane. Vi sov i telt og gjekk på toppturar. Når ein ferdast på ski i vårsnø , er det noko andre forhald å vise omsyn til enn når ein ferdast på vintersnø. Eg vil trekke fram laussnøskred, skavlar og den sterke sola.

Vårsnø er ikkje det same som vintersnø. Vintersnø har ofte lagdelingar, som bestar av snø med ulike kvalitetar. Dette gjer det mogleg å danne flak, som kan lausne som flakskred. Vårsnøen er er meir homogen, med grovkorna snøpartiklar. Dette er meir stabilt. Flakskred er ikkje mogleg i snø som ikkje er lagdelt, men det kan bli laust ut laussnøskred som følgje av at sola får varme snøen.

Ein anna fare, som gjeld heile året, er skavlar. Det er fleire som har omkomne på grunn av desse. Ein må ikkje berre ta kortaste veg mellom to punkter, men prøve å ha stein mellom seg sjølv og skavelen. Her må ein vere ekstra merksemd på å ikkje berre følgje dei spora som allereie er der.

I vårfjellet er sola sterkare enn på vinteren. I Hurrungane er sola ekstra sterk, fordi det ligg så høgt oppe. Det er lurt å smøre seg jamt med solkrem, til dømes kvar andre time. Sjølv om det er overskya, har sola stor effekt på oss. Om ein ikkje er forsiktig med vårsola, kan ein skade huden slik at ein får konsekvensar seinare i livet.

Turar på vårsnø gjev flotte opplevinga og god snø. Det er viktig å ha god «timing», slik at snøen er passeleg oppvarma, slik at snøen er god, og det ikkje er stor fare for lause snøskred. Ein må vere merksam på skavlar, og smøre seg god med solkrem. Då kan ein nyte ein flott soldag i fjellet.   

Brattlien, K. (2012). Den lille snøskredboka. 3. utgave, Fri Flyt AS, Oslo.

Nes, C.L. (2013). Skikompis. Snøskred og trygg ferdsel. Friluftsrådet for Ålesund og Omland.

Selja Forlag, Ålesund.